Alle innlegg av Studentprosjekt

Endeleg litt synleg framgang

Etter sjukdom og dårlig progresjon har vi no hatt ei veke der vi verkeleg har hatt fin framgang.

Skallet til rapporten er klart til å fyllast inn med dei delane som er klare, programmeringa av armen er i rute til testing, jiggen som skal brukast er sveisa saman og siste rest av delar og utstyr er bestilt.

Neste veke har vi møte med Johannes og begynne planlegging av midtvegspresentasjon og har eit mål om å få tatt dei første testane med robotarmen.

Sjukdom og skulearbeid

Etter at forprosjektrapporten vart godkjent har vi hatt lite framgang på prosjektet. Enkelte på gruppa har vore sjuke og andre har hatt mykje å gjere i andre fag på skulen. Denne veka er vi alle tilbake i full drift og har hatt eit godt møte i dag for å sikre at alle har arbeid.

Kurs

Veke 6 tilbrakte vi på kurs for å lære oss å styre robotarmen.

Dette var 5 intense dagar der vi måtte lære mykje på kort tid for å komme oss på eit nivå som gjere oss i stand til å løyse problemstillinga vi har fått av Stadpipe gjennom PRO.

No kjem Sondre og Ola til å bruke dei neste vekene på å lære seg meir om programmet Robotstudio og korleis dei best kan få armen til å gjere det vi vil. Parallelt vil Espen og Bengt finne ut meir om materialet og kva grenser vi må holde oss innanfor.