Kategoriarkiv: Uncategorized

Presentasjon ferdig

24.05.17 var nest siste milepæl nådd.

Presentasjonen vart gjennomført uten store feil og utspørringa etterpå kom vi velberga gjennom.

No skal vi etter avtale med Stadpipe sensurere delar av rapporten før det blir lagt ut. Dette er siste milepæl og prosjektet er dermed gjennomført.

No ventar nokre veker med spenning på kva karakter vi får, men vi kan heldigvis trøste oss med ein eksamen kvar innan den tid 🙂

Nest siste innspurt

No sitt vi alle saman og skriv kvar vår del til rapporten. Det terpast på grammatikken og korleis ein best skal formulere seg i rapporten. Kaffien går ned på høgkant menst vi forbereder oss til å samle alt arbeidet vi har gjort til levering av rapporten. Stemningsrapporten er høg med godt humør og mykje humor i planleggingsfasen av presentasjonen.

Fintuning fullført

I dag har vi gjennomført to nye testar for å sjå om fintuningane vi har gjort fungerte. På siste testen halverte vi tida og måledata blei mykje finare så no reknar vi den biten som avslutta.

På mandag vil Sondre lage litt kommentarar til programmet og vi andre jobbar vidare med rapporten.

Praktisk del gjennomført

Stor dag i dag!

Vi tar påskeferie med gjennomført praktisk test.

Stadpipe var på besøk for å sjå korleis løysinga vår er og samtidig hjelpe oss vidare på vegen. Dei var godt nøgd med det vi presenterte og vi fekk fullført prosessen til godkjent på første forsøk.

No blir det litt fintuning av programmet og skriving av rapport i resten av perioden.

Milepæl nådd

Onsdag 05.04 hadde vi midtvegspresentasjon.

Det er ein milepæl nådd og vi feira med å starte arbeidet mot neste milepæl.

I påskeveka kjem Stadpipe på besøk for å sjå kva vi har gjort til no og hjelpe oss med siste rest av hjelp med materiale og innspel til rapporten. Målet er at vi kan vise dei ei løysing dei er nøgd med og at vi kan rekne den praktiske delen av prosjektet som fullført så vi kan for fullt flytte fokus over på rapporten.